Lenge før korona har vi sett ei endring i korleis trykksaker blir brukt. Tidlegare var det ofte større produksjonar, meir innhald og større opplag som skulle vare over ei lengre tid. No er det gjerne mindre opplag med spissa innhald til ei målgruppe - gjerne også med variabel data tilpassa kvar enkelt mottakar. Dette gjeld både brosjyrer, flyers, magasin og alle former for brev og konvolutter.

Offset eller digital? Ja takk!
Endring i måten vi bruker trykksaker på gjev både utfordringar og mogelegheiter. Fleire og mindre produksjonar krev betre og meir straumlinja ordreflyt og kommunikasjon. Tradisjonelle trykkmaskiner er også bygde for volum, noko som også krever endring i produksjonsmåtar og teknologiar.

Fram til 2010 dreiv TINDE som eit meir tradisjonelt offset-trykkeri. Det er det fortsatt, men siste ti åra har vi også investert i digitale trykkmaskiner som har gitt moglegheiter for mindre opplag, variabel data og raskare levering. Vi har også eit nytt ordresystem som gjer at arbeidet flyt lettare og betre.

Snart kan du bestille på nett!
Samarbeidet mellom oss, kunder og samarbeidspartnarar må vere effektivt og tydeleg. I dag går fortsatt det meste av kommunikasjon via e-post og telefon. Du vil på sikt kunne bestille trykksaker i nettbutikk - her kan du bestille dei mest brukte format på brosjyrer, magasin, bøker, konvoluttar, visittkort, plakatar, roll-ups, bannerar m.m. Då får du pris og leveringstid med det same, noko fleire av dykk har etterlyst. Du vil også få betre oversikt over kva produkt vi kan levere. Vi ser fram til å kunne tilby deg eit betre tilbod og er stolte over å kunne levere lokalproduserte trykksaker på Sunnmøre og Ulsteinvik!



Dialog
Å ha kontakt med kunder og samarbeidspartnarar er både kjekt og utruleg viktig - både for at vi skal utvikle oss og for at vi skal kunne gje deg eit godt tilbod. Ingenting er så kjekt som å skape noko saman! Vi har hatt mange slike opplevingar med kundane våre.

Her kan du sjå eksempel på arbeid vi har gjort saman med gode folk.