Kvifor er universal utforming viktig og kva hensyn kan du ta når du skal kommunisere? Eg går her inn på nokre enkle punkt eg håper kan vere til hjelp om du skal utforme ei brosjyre.

Universell utforming betyr ikkje berre å legge til rette for menneske med nedsatt funksjonsevne. Det gjer det også lettare for alle å orientere seg og delta i samfunnet. No er det kanskje ikkje akkurat det som er målet for deg om du skal informere om deg eller firmaet ditt - kanskje skal du tilby tenester innan ekstremsport og universell utforming er ikkje det første du har i tankane. Men god lesbarheit og ei logisk godt oppbygd tekst eller utforming, gjer det lettare for mottakaren å få med seg bodskapen. Vi kan til tider drukne i sanseinntrykk som stjel merksemda vår og dreg oss i ulik retning, slik vi ikkje greier å halde tråden og vi går lei. Her er eit par tips på vegen:

Oppbygging av tekst og innhald

  • Når du bygg opp ei tekst er det ein fordel om lesaren kan skumme over teksta og orientere seg om innhaldet. Del derfor opp teksta i mindre avsnitt og bruk mellomtitlar.

  • Bruk gjerne bilete eller illustrasjonar som gjer det enklare å få «festa» bodskapen og å bryte opp teksta og gjere den interessant.

  • Skriv konkret og munnleg.

  • Bruk gjerne punktlister over viktig informasjon kunden skal kome tilbake til.

  • Ver konsekvent og nøye med rettskrivinga.

Grafiske verktøy

  • Ha eit tydeleg hierarki i teksta. Ofte er det nok med overskrift, ingress, mellomtittel og brødtekst. Skil desse frå kvarandre ved å bruke ulik storleik og vekt på fonten.

  • Ikkje bruk for mange ulike fontar. Det held lenge med ein eller to.

  • Ha god kontrast mellom tekst og bakgrunn.

  • Skal du ha tekst på bilete eller bakgrunn, vel eit roleg bilete / mønster uten for mykje kontrast. La teksta vere i kontrast til bilete/mønsteret.

  • Ha gode margar. Bruk minimum 10 mm rundt sidene og 4 mm mellom spalter.

 
Illustrasjon_Typografi.jpg
 

Lesbarheit i brødtekst

  • Fonten bør ikkje vere for liten, sett ho til 10–11 pt.

  • Bruk ein linjeavstand som er minimum 2-3 pt større en fonten. Om fonten er 11 pt, set linjeavstand på 14 pt. Då blir det lett å halde linja med augene og lettare å finne neste linje etterpå.

  • Linjene bør ikkje vere for lange, ei helder for korte. Den beste linjelengda er omlag 50-60 teikn per linje.

  • Bruk venstrejustert tekst med laus høgrekant.


Dette var nokon konkrete og enkle tips frå oss. Om du ikkje vil stå for utforming sjølv, hjelp vi deg gjerne og sørger for både god lesbarheit og god flyt. Sjå gjerne meir av arbeidet vårt her.
Ta gjerne kontakt!