Profesjonelle brosjyrer er ein viktig del av ein god marknadsstrategi. Ei bra brosjyre kan vere grunnen til at ein kunde legg merke til deg, hugsar deg - og vel nettopp deg eller tenestane dine. Dei er lett å distribuere og treng verken straum eller andre installasjonar for å fungere. Trykte brosjyrer møter derfor kunden på andre stadar enn dei digitale flatene.

Ei brosjyre fortel kva du gjer og for kven - og gjer dette på ein apellerande, kortfatta og tydeleg måte. Brosjyrer kan brukast til å fremme eit firma, eit produkt eller kampanjer og arrangement. Dei kan vere alt frå eit magasin med fleire sider, til eit enkelt bretta ark. Det er mykje som skal på plass før vi kjem til sjølve trykkinga. Her er eit par saker å tenke over når du startar.

Kven er du, kva tilbyr du og for kven? Kva problem løyser du for kunden?

Kommunisere dette på ein måte som fenger og vekker interesse for den som kan vere brukarar av dine produkt og tjenester. Då vil eg anbefale at du brukar AIDA-modellen. Dette er ein kjent og mykje brukt modell for oppbygging av reklame og seljande bodskap. AIDA står for:

Attention - Oppnå merksemd
Interest - Vekk interesse
Desire - Skap eit ønske
Action - Handling

Tinde_Design_Trykk_AIDA_327881069.png
 

Attention: For å få merksemd frå målgruppa di må du ha kunnskap om kva denne er interessert i og korleis dei orienterer seg. Det er fleire verkemiddel ein kan bruke for å få merksemd. Det kan vere alt frå bilete, farge og overskrifter til hendingar, handlingar og kjente mennesker og formspråk innan eit gitt segment.

Interest: Når du har oppnådd merksemd frå målgruppa di, må du raskt skape interesse. Ein god måte å gjer det på er å raskt kome til salgspoenget ditt: Kva problem løyser du for kunden? Kva ønsker innfrir du? Her er det viktig å skrive godt og konkret og kome raskt til poenget på ein lettfattelig og gjerne muntlig skrivemåte.

Desire: Er kunden interessert og les vidare har du no moglegheita til å overbevise om at du har den rette løysinga. Her kan du gjerne kome med eksempel og «male bilder» av situasjonar som kan vere gjenkjennbare. Korleis vil det bli om ein har dette produktet eller bruker denne tjenesta?

Skal du selge eit spesielt produkt som har tekniske spesifikasjonar, kan dette godt kome inn her. Bruk gjerne punktlister. Tenk over kva informasjon som hadde vore naturleg å spøre om - og då vidare å svare på, i ein salgssituasjon. Dette gir sikkerheit i at det er det rette produktet og kunden har fått alle svara ein treng for å gjere eit kjøp.

Action: Kva vil du at den potensielle kunden skal gjere når han eller ho har sett gjennom brosjyra di? Skal dei besøke resturanten din? Skal dei booke eit møte med bedrifta di? Skal dei kjøpe noko i nettbutikken din? Du må no fortelle dei kva dei skal gjer vidare for å få brukt tjenesta di. Her bør du vere tydeleg!


Eg håpar denne litle gjennomgangen var nyttig! Om du treng hjelp til arbeidet eller vil ha hjelp vidare til utforming og trykk, så er vi her for deg. Noko du lurer på? - så spør oss gjerne!